Sang og musikk

Beklager den lange blogg pausen. Livet går stort sett i eitt. Skulen tar opp mykje tid, men håpar eg kan bli litt betre framover.

Når det er sagt, så vil eg legge eit innlegg om musikken i mitt liv.

Frå eg var lita jente har eg vokst opp med musikk. Pappa har sunge i eit country band kalla "Jack of hearts". Dette har ført til at country har vore ein del av meg sidan eg låg å skreik i vogga. Pappa satt alltid med gitaren å sang for meg, når eg skulle sove.

Eg har alltid elska å synge. Då eg var lita, og me var på bilturar, satt eg alltid i baksetet med walkman'en, og sang av full røyst. Mamma å pappa må ha likt det dei høyrte, eller bare ha vore svært tolmodige, for dei ba meg aldri å tie still.. :P Men no er dette ein heilt anna sak. Eg elskar å synge, men helst når ingen andre høyrer meg. Eg har alltid vore sjenert, og usikker. Å dette speglar seg veldig igjen akkuratt når det kjem til sangen. Eg har blitt betre, å er langt ifrå så sjenert no, som eg var før. Men dessverre har det ikkje blitt betre når det gjeld å synge forran andre.

 Dei einaste gongane er har sunge forran folk er på ungdomsskulen. Å då var det Tirna noir som stod på reportoaret. Eg fekk gode tilbakemeldingar, sjølv om eg veit sjølv at eg kan så mykje betre. Men på grunn av nervøsitet skjelv stemma, og det vert lett å bomme på tonane. Hadde eg øvd å øvd, så hadde eg nok blitt betre, og hatt meir sjølvtillit til å synge forran folk. Men det er svært vanskeleg når ein bur i eit hus med papirtynne veggar, og folk over og ved sidan. Derfor har synging blitt lagt på hylla dei siste åra. Håpar eg kan ta det opp igjen etterkvart!

Då me gjekk på ungdomsskulen mista med klassekompisen vår frå barneskulen, Thomas. Dette var svært tungt, og trist, og min måte å sørge på, var å skrive ein sang. Tormod, som var god kompis med Thomas hjalp meg å spele inn sangen, og redigere den slik at den vart betre på alle måtar. Begge to var jo sjølvsagt nybyrjarar i musikk faget, og Tormod går no og utdannar seg innan musikk produksjon. Det var mange ting som kunne vore gjort betre, men til å vera ferskinga, syns eg resultatet vart bra. Eg kan fortsatt høyre på songen, tenka på Thomas, og la tårene trilla..

Eg håpar at usikkerheten kan sleppa taket, og at eg igjen kan synga, både aleina og forran folk!

Eg vil gjerne dele sangen me laga til Thomas her.

video:katrine tormod r


3 kommentarer

gunhildm

23.okt.2010 kl.22:27

Du e så flinke, vennen :) Får jo frysninga!!

Annette

23.okt.2010 kl.22:40

Den songen var veldig fin, og gav meg mange assosiasjonar til tapet av Terje. Blei litt tårevått her no :)

Og ikkje minst, du er jo kjempeflink til å synga! Eg håpe du klare å overvinna frykten med å synga foran andre! :)

Camilla Skare Ulvatn

25.okt.2010 kl.16:47

Enig. Snø høyrer heime i desember, saman med julebrus, kakemann og alt anna som er merka med "jule....". :) Lenge siden eg har hørt sangen. Fin!

Skriv en ny kommentar

Katrine

Katrine

22, Stord

Eg er ei jente på 22 år som for tida er sjukepleiar student ved Høgskolen i Bergen.

Kategorier

Arkiv

hits